torsdag, desember 01, 2005

Einar Økland: Røynsle

Det finst knutar
neglene må bøye seg
for,
tennene ikkje sit fast nok
for,
knutar

som når du greier å løyse dei,
berre gir deg
eit tau du
ikkje har bruk
for.